Fjord'n Senter • PB 2 • 5649 Eikelandsosen • Tlf. 56 58 18 90  •  E-post: post@fjorden-senter.no

 

 

Ope: 10 - 18 (15)

Mat: 8.30 - 20 (18)

 

Avvikande opningstider

 

 

 

Velkommen til karneval laurdag 18. februar

 

 

 

 

 

Laurdag 18. februar vert det karneval for barn i Fjord'n Senter. Vi tek med oss dei gode erfaringane frå i fjor, og håper det vert  ein flott dag for heile familien.

 

Frå kl. 12 vert det leikar og underhalding for barna. Vi fyller pinjataen med mykje godteri, og satsar på å få god hjelp til å få snopet ut. Det vert gratis ansiktsmåling for alle som har kledd seg ut!

 

I fjor fekk vi besøk av prinsesser, klovnar, sjørøvarar, hekser, edderkoppar, kaniner og mange andre både koselege og skumle figurar.  Håper vi treff mange igjen laurdag 18. februar. Velkommen!

 

Trykk her for bilete frå karnevalet i 2010

 

 

 

 

Nytt rekordår for Fjord’n senter

 

Fjord’n senter vil takka kundane sine for at 2011 vart eit nytt toppår for omsetnad i senteret.

 

Samla omsetnad i Fjord’n senter var i 2011 på kr 73 500 000.- Det gjev ein auke på over 6% i høve til året før.


Vi er svært glade for at kundane våre sluttar opp om senteret. Auka omsetnad er sjølvsagt positivt for oss som driv handel i senteret. Like viktig er det at auka omsetnad gjev butikkane i senteret høve til raskare å fornya seg med varer og å prøva ut nye varegrupper.

 

Vi vil gjera vårt for at senteret skal ha nøgde kundar. Vi tek med glede imot tips om kva som skal til for at Fjord’n senter skal bli enno betre.

 

 

 

Kafeen bygger om

 

26. januar - 4. februar er kaféen te Gro stengt på grunn av ombygging.

Kafeen skal oppgradere kjøkkenet og pusse opp litt. Dei tek i mot cateringbestilling, men må ha bestillingane i god tid pga logistikkutfordringar.

 

Det vert satt ut stolar og bord i fellesarealet, og god mat frå Spar kan nytast her.

 

 

 

Laurdag 17. desember

 

Laurdag 17. desember var det tøft danseshow på Fjord'n Senter!

 

Dansegruppa frå Kulturskulen viste fram noko av det dei hadde jobbe med i haust. Kjempeflinke var dei alle saman.

 

Dette var siste laurdagen med juleverkstad, og vi takkar Solveig og Veronica som har gjort ein flott jobb med å arrangere juleverkstad kvar laurdag.

 

Takk og til Eikelandsosen sanitetsforening for lån av utstyr.

 

 

 

                                             

                                                                                                              

                                                                                       

                                                                                                       

                                                                                      

                                                                       

   

                 

                      

  Følg oss på Facebook 

 

 

 

Sidan sist

 

 

 

      

 

 

• Vinnarar peparkakebygg»

Mange flotte bidrag har gjort at vi har fått ei fantastisk flott peparkakebygd. Vinnarane er..... Les meir.....

 

 

• Julegateopning 2011»

Julestemning fekk vi saman med Hålandsdalen musikklag som spelte nydeleg julemusikk for oss. Les meir...

 

 

• Julemarknad 2011»

23 ulike utstillarar sytte for at du kunne få ting både til nytte og glede. Les meir...

 

 

• Langope i desember»

Siste veka før jul har butikkkane ope ein time lengre. Trykk på overskrifta for opningstidene.

 

 

• Damenes Aften»

Mykje moro i oktober når vi gjorde litt ekstra stas på damene. Trykk på overskrifta for å lese meir og sjå bilete

 

 

• Nytt frå Hjelle»

Malermester Hjelle har fått inn i butikken div. håndkle i forskjellige fargar.
Sengetøy, puter og dyner frå Høie. Velkommen innom!

 


 

 

• Markens Grøde 2011»

Informasjon og bilete frå Markens Grøde 17. sept. finn du ved å trykke på overskrifta.

 

 

• Takk til 3B»

Laurdag 3. september spela

3B for kundar og ansatte.

Tusen takk!

 

 

• Ma-Uri-Massasje»

Hildegunn Anda har ope etter avtale. Telefon 416 02 461.

 

 

• Sommarmarknad 2011»

Reportasje og bilete frå sommarmarknaden 2011 finn du ved å trykk på overskrifta.

 

 

• BEYBLADE-turnering»

Vinnaren i Beyblade-turneringa laurdag 11. juni vart Sander Kapstad. GRATULERER!

 

 

• BLI-NY-reportasje»

Trykk på overskrifta for å sjå reportasjen frå BLI-NY-dagen til Monika Tverli Dale.

 

 

• Dokketeater»

Mette Wernøe hadde ei flott framsyning på senteret laurdag 30. april.

 

 

• Gratulerer Anne Karin»

Laurdag 26. mars vann Anne Karin Helland gåvekort på kr. 500 på Fjord'n Senter. Vi gratulerer!

 

• Irmelin & Stians»

Torsdag 24. mars spela Irmelin & Stians for oss på senteret. Dei kjem igjen og spelar for oss på sommarmarknaden 4. juni kl. 12.

 

 

• Karneval»

Laurdag 19. februar var det karneval på senteret. Les meir ved å trykke på overskrifta.

 

 

• Gratulerer Monika»

Monika Tverli Dale er den heldige vinnaren av BLI-NY-dagen på Fjord'n Senter.

 

 

• TAKK»

Butikkane i Fjord’n senter vil takka kundane for at dei brukar Fjord’n senter til handelsstad.

 

 

• Langope torsdagar »

Fusa apotek, Sparebanken Vest og Kafeen te Gro har alle langope om torsdagane.