Fjordn senter vart omskapt til ostemarknad laurdag 4. september. Det vart presentert og smaka på ostar både frå Tysnes, Fusa og Samnanger. Her fann du ostar i alle fasongar og med både linne og sterke smakar.
Brøda frå Eikhaugen gard vart vekke omtrent før Siv hadde pakka dei ut og elles kunne du få mykje anna godt, sjølv om ein del av utstillarane ikkje kom denne gongen.

Plommer, bjørnebær og amerikanske blåbær frå ein lokal hage vart også selt ut på eit blunk.
Bondelaget sin stand med kalvar og griser var også eit populært innslag. Det er tydeleg at det ikkje er kvar dag at borna i Fusa ser ein levande kalv.
Det var fleire som sikra julegåva med å kjøpa boka om Nordtveitbåtane.
Diverre var det fleire av utstillarane som ikkje kom og det var fleire som spurde etter frukt og grønsaker. Neste år vil me ha denne helga litt seinare på hausten slik at me kan få med oss meir frukt og grønt.
Det har vore ein dårleg sommar for graskar i sommar, men Kristina Vik frå Strandvik hadde fått fram eit på 3,6 kg og vann graskarkonkurransen.
