Fjord'n Senter • PB 2 • 5649 Eikelandsosen • Tlf. 56 58 18 90  •  E-post: post@fjorden-senter.no

 

 

Ope: 10 - 18 (15)

Mat: 8.30 - 20 (18)

 

Avvikande opningstider

 

 

 

 

Tidlegare aktivitetar i Fjord'n Senter

 

Julegateopning 2011

Laudag 26. november vart julelysa tende i Fjord'n Senter

Julestemning fekk vi saman med Hålandsdalen musikklag som spelte nydeleg julemusikk for oss. Vi fekk besøk av to flotte julenissar,  og dei vart fort omringa av mange små. Godteposane var populære og gløggen var varm og god. Les meir....

 

Julemarknadaden laurdag 12. november 2011

Det var mange som sikra seg julegåver på Fjord’n senter på laurdag. 23 ulike utstillarar sytte for at du kunne få ting både til nytte og glede. Les meir....

 

Damenes aften - ein flott kveld på Fjord'n Senter!

Stemninga var god i Fjord’n Senter fredag 21. oktober. Frå kl. 17 og utover kvelden var det full fokus på jentene! Les meir...

 

Markens Grøde 2011 - ein flott dag på Fjord'n Senter!

Laurdag 17. september var det ekstra mykje godt å få kjøpt på senteret. Det var salsboder med frukt, grønsaker, poteter, rauddravle, geitost, lefser, spekemat og mykje meir. Les meir...

 

Sommarmarknad 2011

Sommaren kom til Eikelandsosen kl. 08.00 laurdag 4. juni 2011! Det same gjorde Gunda Olsen og Jørn Hoel. Les meir....

 

BLI-NY konkurranse til morsdag 2011

Monika Tverli Dale er den heldige vinnaren av BLI-NY-dagen på Fjord'n Senter. Sjå reportasjen her

 

Karneval laurdag 19. februar 2011

Denne dagen var det ekstra mange prinsesser på laurdagshandel. Vi traff og sjørøvarar, edderkoppmenn, klovnar og andre koselege- og skumle figurar. Veldig kjekt at så mange hadde kledd seg ut! Les meir...

 

Julegateopning laurdag 27. november 2010

Hålandsdalen Musikklag spelte mykje fin julemusikk frå kl. 11.30.

Fjorden Barnekor song fire songar, og etter song nummer to tente vi julegrana.
Barnekoret og musikklaget var med på å skape ei fin førjulsstemmning i senteret. Les meir...

 

Julemarknaden 13. november 2010

Den tradisjonelle julemarknaden var også i år ein flott dag på senteret!

Mange kjekke kundar og utstillarar gjorde at det vart koseleg å gå rundt å kikka og kanskje handle litt til farsdag, jul eller berre til seg sjølv.

 

Markens Grøde 2010

Fjordn senter vart omskapt til ostemarknad laurdag 4. september. Det vart presentert og smaka på ostar både frå Tysnes, Fusa og Samnanger. Her fann du ostar i alle fasongar og med både linne og sterke smakar.

Brøda frå Eikhaugen gard vart vekke omtrent før Siv hadde pakka dei ut og elles kunne du få mykje anna godt, sjølv om ein del av utstillarane ikkje kom denne gongen. Les meir....

 

Sommarmarknaden 4. og 5. juni 2010

Sommarmarknaden var også i år nokre kjekke dagar for oss på senteret og det såg ut som at alle dei som var innom senteret koste seg!  Les meir...

 

Superfredag 26. mars 2010

Fredag 26. mars var det superfredag på Fjord’n Senter.  Vi fekk servert nydelige tonar frå unge lovande talent på gitar og flinke vokalistar, alle frå kulturskulen. Også denne dagen var det mange som fekk måla ansikta sine. Ein veldig kjekk dag på senteret. Trykk her for bilete.

 

Julegateopning 2009

Det var mykje folk i senteret kl.11.00 då Fjord`n Barnekor song. Dei song 4-5 fine sanger. Alle i senteret stemte i "du grønne glitrande tre..." Så vart juleysa tent, og julestemningen kom. Frå 2. etasje kom det to nisser med sekker på ryggen, og dei hadde det ganske travelt ein periode. Nissane avslutta med å syngja "på låven sitter nissen...."


Ca. kl. 12.30 sette Hålandsdalen Musikklag igang, med mye fin julemusikk.. Dette var med på å gi oss enda mer julestemning. Dei kundene vi snakka med koste seg i Fjord`n Senter denne laurdagen.

 

Julemarknaden 2009

Det var heile 35 stand på julemarknaden i år, og for å få plass til alle måtte vi bruka begge etasjane i senteret.

 

 

 

 

Fusa apotek AS er på plass i Fjord’n Senter

 

Siste helga i august fekk vi endeleg apotek i Fjord’n Senter. Det var kjekke arrangement i senteret heile helga, og mange besøkande.

 

 

 

Sommarmarknad 5. og 6. juni

 

Dei minste kosa seg med hoppeslott, sukkerspinn, popcorn, ponnyriding og ansiktsmåling. For dei litt større var det gode tilbod, salsbodene, moteshow, fin musikk, god mat og god drikke som freista. 

 

 

 

 

Jubileumshelga 24. og 25. april 2009

 

Fredag kveld var det eit ungdommeleg publikum og høyrde på unge lovande Fusa-rockarar med utgangspunkt i Fusa kulturskule. Band og grupper i ulike kombinasjonar og stilartar sto for eit uvanleg stort trøkk i Fjord´n senter. Folk let seg imponera over speleglede og  innsats, sjølv om ein del av repertoaret ikkje sto øvst på alle sin musikksmak.


Laurdagen var det også i hovudsak Fusa kulturskule som sto for musikken. Unge lovande på keyboard og piano underheldt i tillegg til song.


Det var nok likevel Fjord´n barnekor som sto for det mest sjarmerande innslaget. 30-40 born song med tindrande augo. Born, song og vårsol er ein uslåeleg kombinasjon.


Sjarmerande var også alle barneansikta som vart måla etter alle kunstens reglar. Det dukka opp både sommarfuglar og skumle personar utover heile dagen.

 

 

 

 

10. mars 2009 feira vi Fjord’n Senter sin 20-årsdag

 

Det var gratis kake og kaffe heile dagen, og barnehageborna i Fusa fekk bollar, frukt og saft! Klovnen KOKO var og på besøk

 

 

 

 

 

 

ARKIV BILETER