Fjord'n Senter • PB 2 • 5649 Eikelandsosen • Tlf. 56 58 18 90  •  E-post: post@fjorden-senter.no

 

 

Ope: 10 - 18 (15)

Mat: 8.30 - 20 (18)

 

Avvikande opningstider

 

 

 

Damenes aften - ein flott kveld på Fjord'n Senter!

 

 

Stemninga var god i Fjord’n Senter fredag 21. oktober.

 

Frå kl. 17 og utover kvelden var det full fokus på jentene!

 

I butikkane var det gode tilbod og det var informasjon å få både på Fusa apotek

og hos Malermester Hjelle.

 

Astrid Skåtun Rysjedal gjorde ein fantastisk bra jobb med å lose oss gjennom kvelden.

 

Frå scena var det informasjon om korleis vi kan leve ut draumane våre, også når

vi vert pensjonistar. Litt lydproblem gjorde at ikkje alle høyrde alt som vart formidla,

men Jostein og Godtskalk hadde ein flott framsyning som mellom anna innehaldt song.


Det vart servert fingermat og frukt i fellesområdet på senteret. Her var det ulike

lefserullar, varmrøykt pepperlaks, kjøttboller, oliven, spekepølser, spansk tortilla,

kylling, fylte butterdeigshjerter med meir. 

 

 

 

 

Moteshowet gjekk føre seg på kafeen te Gro, og det var ei intim og flott framsyning.

 

Takk til alle dei flotte modellane som viste både haustnytt, finkle, vinterkle og sportsantrekk.

Frisørbua hadde eigen stand på Fjord’n Senter denne ettermiddagen.  Her vart både

modellane og besøkande fiksa på håret.

Mange fekk seg ein ekstra flott frisyre heilt gratis denne kvelden.

 

Det var loddsal der inntekta gjekk til Rosa Sløyfe aksjonen (Kreftforeningen).

 

På tre korte timar vart det seld lodd for kr. 5 700,- Dette beløpet går uavkorta til

Rosa Sløyfe-aksjonen.

 

TAKK til alle som kjøpte lodd og takk til alle butikkane og leverandørar som

sponsa oss med gevinstar.

 

Gunda Olsen hadde informasjon i kafeen te Gro om ”Oppskrifta på suksess”.

Her fekk damene gode tips om korleis kle seg og vise fram sine beste sider…

Så nå kan du forvente å sjå naboane på shopping berre iført gjennomsiktig

neglisjé om dei følgjer Gunda sine anbefalingar.

 

Som seg hør og bør vart utloddinga avslutta med KAKE og kaffi…..

etterpå vart Kafeen te Gro forvandla til Puben te Gro, og festen kunne fortsetje

heilt til midnatt.

 

Bilete frå kvelden finn de lenger ned på sida og ved å trykke her

 

 

Tusen takk til alle som var med å gjer Damenes aften

ein fantastisk kjekk kveld!

 

Ein ekstra takk til Astrid, Gro, Odd Joar og Gunda!                 

 

 

 

 

 

                       

   
Trykk her for fleire bilete frå Damenes aften

                     

 

 

                      

  Følg oss på Facebook