Julegateopning laurdag 27. november kl. 12
Hålandsdalen Musikklag spelte mykje fin julemusikk frå kl. 11.30.
Fjorden Barnekor song fire songar, og etter song nummer to tente vi julegrana.
Barnekoret og musikklaget var med på å skape ei fin førjulsstemmning i senteret.
I år hadde Fjord'n Senter to nissar som gjorde en kjempejobb, for det var veldig mykje folk i senteret. Og mange, mange barn.
Tre heile sekkar ned "nissegodt" vart delt ut, og det var ikkje ein pose igjen.
Dette var kjekt!
