Julestemning fekk vi saman med Hålandsdalen musikklag som spelte nydeleg julemusikk for oss. Vi fekk besøk av to flotte julenissar, og dei vart fort omringa av mange små. Godteposane var populære og gløggen var varm og god.
Etter godteposane fekk nye eigarar, vart det plass til nokre håpefulle små på fanget til nissen. Vil tru nissen fekk høyre mange flotte julegåve ønskjer.
Peparkakebygda som står på Fjord’n Senter vart kjempeflott. Her er det ulike slott, traktor, uteområde frå barnehage, oppvekstsenter og mykje anna.
Tusen takk til alle som har levert flotte byggverk!
Utstilinga vil stå på Fjord’n Senter i heile desember
Vi på Fjord’n Senter ønskjer alle ei fin førjulstid!
