Julemarknadaden laurdag 12. november 2011
Det var mange som sikra seg julegåver på Fjord’n senter på laurdag. 23 ulike utstillarar sytte for at du kunne få ting både til nytte og glede.
Julemarknaden i Fjord’n senter har vore ein tradisjon sidan senteret var ganske nytt. Heile tida har det vore ei mønstring av husflid, handarbeid og dei siste åra også av lokalprodusert mat. Lefser, brød, rauddravle og andre godbitar gjekk unna som varmt kveitebrød!
Vi på Fjord’n senter synest det er viktig at senteret skal vera ein møteplass for alle. Oppmøte og summing av folk i godt lune, viser at det vert sett pris arrangementet.
Vi vil takka utstillarar og publikum for at Julemarknaden 2011 vart ein triveleg laurdag på Fjord’n senter.
