Velkommen til karneval laurdag 18. februar
Laurdag 18. februar vert det karneval for barn i Fjord'n Senter. Vi tek med oss dei gode erfaringane frå i fjor, og håper det vert ein flott dag for heile familien.
Frå kl. 12 vert det leikar og underhalding for barna. Vi fyller pinjataen med mykje godteri, og satsar på å få god hjelp til å få snopet ut. Det vert gratis ansiktsmåling for alle som har kledd seg ut!
I fjor fekk vi besøk av prinsesser, klovnar, sjørøvarar, hekser, edderkoppar, kaniner og mange andre både koselege og skumle figurar. Håper vi treff mange igjen laurdag 18. februar. Velkommen!
Trykk her for bilete frå karnevalet i 2011
Laurdag 18. februar var det karneval på Fjord’n Senter!
Mange utkledde born var samla til karneval
på Fjord`n Senter laurdag 18. februar.
Det var gratis ansiktsmåling for alle og Henning fra Hoppeborger.com, hadde med seg ballonger, popcorn og sukkerspinn. Beybladekonkurranse, limbo med karneval musikk, halen på grisen og til slutt, var det pinjata der store og små stod i kø for å slå hol i pinjataen.
Alle fekk med seg godteri heim.
Veldig kjekt at så mange hadde kledd seg ut
og var saman med oss på karnevalet!