Sommarmarknad 2011
Sommaren kom til Eikelandsosen kl. 08.00 laurdag 4. juni 2011!
På vegne av arrangørane vil vi retta ein stor takk til dei som styrer med veret, dei har sett på oss med milde augo denne gongen. Veret lagde ei flott ramme rundt marknaden, men fyrst og fremst vil me takka alle utstillarane. Om lag 30 ulike utstillarar gjorde at ein kunne finna noko for ein kvar smak. I tillegg hadde alle butikkane i Eikelandsosen gode tilbod. Det gjorde også alle tilreisande seg nytte av. I periodar var det knapt ein parkeringsplass å oppdriva og det aula av folk alle stader.
Takk til Irmelin & Stians og Idar Rolland som imponerte alle med fin song og musikk.
Sola skein framleis då Gunda i kjent stil entra scena kl 20 for å introdusere Jørn Hoel. Ein underhaldande konsert med kjente songar, tilløp til allsong og smågrove historier.
Litt kjøligare drag i lufta då Moneypenny spela til dans seinare på kvelden, men med god dansemusikk heldt folk seg varme på dansegolvet.
Kafeen te Gro sto for servering av god mat og drikke. Med effektive tilsette og flinke vakter frå Fusa fotball gjekk arrangementet knirkefritt. 350 publikummarar i alle aldrar storkosa seg i sommarkvelden.
Ei særleg takk til Bjarte Eikeland som klarde på presisjonsparkere ”scenetraileren” på tvers på parkeringsplassen med ca 30 cm klaring på kvar side, til Leigland Bygg AS som heldt gjerde og ein stor takk til Fusa lyd og lys som sytte for kremlyd frå tidleg morgon til seine kvelden.