Utvidinga av Fjord'n senter
Det er gledeleg at første spadetak snart kan takast i utbygginga av senteret. No er ny parkeringsplass ferdig asfaltert og klar til å takast i bruk, noko som gjer det mogleg å starta utbygginga av sjølve senteret.
Nye bygget vert på totalt ca. 4 600 m2, derav overbygget torg på ca. 1 000 m2 mellom eksisterande bygg og nybygget. Ny Spar-butikk i nybygget blir på ca. 1 200 m2. Ellers er nye bygget fylt opp med kontorer til Fusa Kommune, deriblant ny helsestasjon og helsesenter. Tombre Fiskeanlegg vert også leigetakar i nybygget.
Spar-butikken flyttar altså ut av gamlebygget, og det frigjer plass til nye aktørar. Det er teikna kontrakt med Link-Brands som får ein 300 m2 stor butikk med merkevare til born, damer og herrar. Apoteket flyttar til større lokale, der Spar er plassert i dag. I tillegg vert kafeen flytta til området der det er post-ekspedisjon i dag, med sittegrupper i det nye torg-bygget. Me gler oss til nye bygget kan takast i bruk, september 2019.


